Fysioterapeutar

JORI S. SKORVE

Jori er dagleg leiar og fysioterapeut. Ho har idrettsutdanning og pedagogikk frå Høgskulen i Sogn og Fjordane, og fysioterapiutdanninga frå Høgskulen i Bergen. Ho har tidlegare jobba på Sørlandet Sjukehus avd. for Fysikalsk medisin og Rehabilitering, i mange år med driftstilskot på Klinikken i Mandal og har erfaring frå heilprivat praksis og Bedriftshelse1 i Sogndal.
Jori har ei rekkje kurs innan idrettsmedisin og treningsterapi, kvinnehelse, bekkenrelaterte plager, triggerpunktkurs med nåler og førebyggjande fysioterapi.
Ho leier også ulike gruppetreningar og er lisensiert sal- og sykkelinstruktør, samt Body Balance instruktør.
Ho tek i mot alle pasientar med muskel- og skjelett problematikk, og vektlegg ei aktiv tilnærming i oppfølgjinga.
tlf: 92254577


TOR JERVAN STAARVIK

Tor er fysioterapeut utdanna frå Høgskulen i Bergen. Han har har vidareutdanning i Helsepsykologi frå Høgskulen i Sogn og Fjordane. Han har tidlegare jobba ved ortopedisk avdeling på Lærdal Sjukehus, med driftstilskot på privat klinikk i Årdal Kommune og har erfaring frå heilprivat praksis. Tor har brei kursing innan allmennfysioterapi, triggerpunktbehandling med nåler og tilpassing av sålar for fotrelaterte plager.
Han ter i mot alle pasientar med muskel- og skjelettproblematikk, og har ei aktiv tilnærming til pasientbehandlingen.
Tlf: 48299499


TURNUS

Luster Kommune tek imot turnuskandidatar kvart år, som er i kommunen 6 månader om gongen. To gonger i veka er turnuskandidat her på Luster Treningssenter, og tek imot kundar, leiar gruppetreningar og er ein del av senteret!