ORDNINGAR OG PRISAR

Behandling

På Luster Treningssenter jobbar Jori S. Skorve og Tor Jervan Staarvik som fysioterapeutar. I tillegg er kommunen sin turnusfysioterapeut her deler av tida.

Fysioterapeutane har driftsavtale med kommunen, noko som gjer at ein følgjer det offentlege takstsystemet. Pasientane betaler ein eigenandel for behandling, og resten blir dekka av Helfo. Fysioterapiegenandelen går inn under Egenandelstak 2.

«Direkte tilgang» gjer at pasienten ikkje lenger treng henvisning frå lege eller andre for å oppsøke fysioterapeut, men kjem likevel inn under ordningane med Helfo. Om ein har fått henvisning frå lege eller andre, ynskjer me likevel pasienten tek denne med til behandlar.

Me tek i mot alle pasientar og problemstillingar. Me har god dialog med legar og andre behandlarar, og samarbeider med desse om me ikkje kan hjelpe deg. I periodar med stor pågang, kan det vera noko ventetid, og me følgjer då kommunen si prioriteringsliste. Me prøver halde ventetida så kort som råd.

Då me jobbar på treningssenteret, har me ei aktiv tilnærming i behandlinga både individuelt og i grupper. Nokre av gruppene er reine fysioterapigrupper, som t.d. Aktiv A (aktiv med artrose), og dei går inn under takstsystem og Egenandelstak 2. Dei andre gruppene er frisktreningsgrupper, som går gjennom ordningar på treningssenteret.

Bedriftsavtale på behandling

Me har ordningar med bedrifter som sikrar rask tilgang og prioritet, hovudsakleg for dei som er i fare for sjukmelding eller som skal fort tilbake til jobb. Ta kontakt om dette er interessant for di bedrift.

Privat Helseforsikring / Forsikringsavtalar

Mange har privat helseforsikring gjennom arbeidsgjevar eller personleg. Dette sikrar rask behandling om du får skade eller plager du treng hjelp til. Forsikringsselskapa har ulike avtalar med sine klientar, og avhengig av avtale avgjer det behandlingsantall og evt. om du sjølv må betale noko i eigenandel ved behandling.

Du er garantert time innan 48 timar, dersom tilstanden krev umiddelbare tiltak/ behandling. Før første konsultasjon må du registrere saka hjå forsikringsselskapet ditt og ha fått ei stadfesting på at dei dekker behandlinga.