Om oss

Luster Treningssenter er eit senter for alle! Me jobbar aktivt for å skape eit tilbod som er tilpassa deg; uansett alder eller kva form du er i. Me ynskjer du skal oppleve meistring, ha det moro, få maksimalt utbytte og høyre god musikk!

Luster Treningssenter har

  • Aerobicsal med b.a slynger
  • Spinningsal med 21 syklar
  • Styrketreningssal
  • Ergometersyklar, ellipsemaskin, tredemøller og romaskin
  • Dusj og garderobar
  • Som ny medlem får du inkludert 2 timar med personleg trening.

Velkommen til Luster Treningssenter!


Bakgrunn
Luster Treningssenter opna januar 2004 som eit ideelt aksjeselskap der vedtektene slår fast at overskot skal gå attende til vidare utvikling av treningssenteret med omsyn til utstyr og tilbod.

Bak Luster Treningssenter står desse eigarane
  • Nasjonalforeningen Gaupne Helselag
  • Luster Revmatikerforening
  • LHL Luster
  • IL Bjørn
  • Luster Kommune
  • Grandmo AS
Selskapet har som formål å drive aktivitetar som kan betre helsa for brukarane. Selskapet skal legge til rette både for konkurranse, helseorientert trening samt rehabilitering.
Med dette som grunnlag har styret sett opp tre satsingsområde
  • Førebygging
  • Rehabilitering
  • Vedlikehald av eiga helse og form