Timeskildring

SALTIMAR

Er du usikker på kva time som passar deg, finn du noko informasjon under eller spør oss! Til saltimar treng du drikkeflaske, eit handklede og godt humør!

45

Senior sirkel

70+

Oppvarming sjølv, deretter stasjonstrening med fokus på styrke, balanse, puls. Avsluttar med koordinasjon og enkle steg til musikk. Tilpassa alle og her er det alltid godt humør!

45

NY!

AktivA Styrke

Aktiv artrose er for deg med slitasje i hofte, kne og ankel. Lagt opp som sirkeltrening og leia av fysioterapeut. Ta kontakt før oppstart, og ha gjerne henvisning frå lege. Øvingane kan gjerast tyngre og lettare, slik at den passar uansett plager. Tett oppfølging.

50

NY!

Nakke-Rygg

Svært lett time for deg med plager i nakke, rygg eller om du treng rolegare time med vekt på kroppsbevissthet/ kontroll, avspenningsteknikkar, lettare styrkeøvingar. Ynskjer henvisning frå lege. Ta kontakt for info. Fysioterapeut.
50
NY!
FFF
Fit for fødsel/ Mor barn
Dette er treningstime for deg som er gravid eller nettopp har fødd (etter kontroll). Økt for deg som ynsker komme i gang med trening i svangerskapet eller halde seg i form i svangerskapet/etter fødsel. Trening til musikk for puls, hensiktsmessig styrke trening og bekkenbunnstrening. Ta med nyfødde om du vil!
60
Nytt namn!
Basis Total
Basistime; Trening til musikk som passar nybyrjarar eller deg som treng tilpassa trening. Rolegare tempo, lette stegkombinasjonar. Her er litt av alt: uthald, styrke, balanse, koordinasjon, beveglegheit og avspenning. Kan av og til vera lagt opp som sirkeltrening, og passar for alle.

45

Tabata

Intervalltrening for deg som ynskjer kombinere høg puls og utfordre musklane. Full trøkk og masse energi. Jobbar i 20 sek - 10 sek pause før ny runde. Kan ta det til eige tempo og derfor passe alle! God teknikk er viktig!

30 Styrke Effektiv og enkel styrketrening med eiga kroppsvekt, manualar, stikk eller slynger. Fokus er dei store muskelgruppene i under- og overkropp samt mage og rygg. Fin å kombinere med andre timar.

60

Body Balance

Utvikla av LesMills, verdas største leverandør av gruppetimar. Ein blanding av tai chi, pilates, men mest yoga. Nydeleg musikk. Kan også vera på timeplanen i kortare timar og eit spesielt fokus, t.d. fleksbilitet.

60

NY!!

HIT

HøgIntensivTrening for dei som vil ha ei real utfordring. Her er fokus på styrke og uthald og ein jobbar i intervallar. Her er det enkelt, effektivt og høg intensitet på golv. Kan vera med løp og hopp, men ein kan velje utan. Her får ein høg puls og mykje sveitte!

60

Zumba

Her er det rytme, glede og sveitte til fengande musikk! Kom og slå deg laus! Passar alle!

45

NY!

Varmtvatn-trening/ fysio

Denne timen har me i varmtvatnsbasenget i Lustrabadet. Trening til musikk og øvelsar som gir hjarte og musklane god trening. Passar godt for alle, og spesielt for dei med smerter, revmatiske-eller artroseplager, bekkenrelatertesmerter. Henvisning frå lege. Eigenandel for inngang til badet til gunstig pris.











SYKKELTIMAR

På sykkel bestemmer du sjølv belastning og intensitet, så det blir så hardt eller lett som du sjølv ynskjer. Kor lenge du syklar, vel du alt etter time. Alle timar med motiverande musikk og instruksjon for å ta i det vesle ekstra!


Tid

Time

Informasjon

30

Sykkel

Ein fin time å starte med om du er ny til sykkel eller ynskjer komme i gang med trening. Fin time å kombinere med andre sykkel- og saltimar, eller som oppvarming til eigentrening. Kan også vera ei effektiv kortøkt om du trøkker skikkeleg til. Hugs-det er kun du som bestemmer kor tungt eller lett det blir! Innstilling av sykkel og teknikk blir gått grundig igjennom.

45

Sykkel

Som Sykkel 30, men noko lenger. Oppvarming, 2 pulstoppar og nedtrapping. Passar for alle.

55 +

Sykkel


Time for dei som ynskjer ein lengre uthaldstime, ofte etter litt sykkelerfaring. Intensiteten er tilpassa at du skal halde lenge. Ein bør ha delteke på kortare sykkeltimar før ein prøver denne. Ta med fulle drikkeflasker!

30

NY!Aktiv A

AktivA Sykkel er ein 30 min. roleg og tilpassa sykkeltime. Dette kan vera ei eiga økt eller oppvarming til AktivA Styrke. Her er også ein god start for dei som ikkej er vand med sykkel eller ynskjer ein roleg time med tilpassa musikk.