OM PÅMELDING...
Du er kun få klikk unna ei god treningsøkt. Hak av ein
eller fleire timar og klikk øverst på "Reserver".
Fyll inn navn, mobiltelefonnummer og e-postadresse. Ved endringar eller avlysningar blir du kontakta på telefon/SMS. Ved påmelding får du tilsendt ein e-post med eit reservasjonsnummer. Dette brukar du dersom du ynskjer å melde deg av timen.
Dersom timen er merka med "Drop in" kan du berre møte
opp utan påmelding.
..OG AVMELDING
Avmelding kan du gjere ved å klikke HER.
Meld deg av så snart som mogleg dersom du ikkje kan møte, så kan
andre få din plass. Bruk reservasjonsnummeret som du fekk ved
påmeldinga.
NÅR KAN EG MELDE MEG PÅ?
Påmeldingen for kvelden opnar kvelden før kl.
20.00, morgontimar opnar for påmelding dagen før. Enkelte timar
kan reserverast nokre dagar i førevegen. Påmeldinga til kvar enkelt
time stenger 30 minutt før start. Dersom det ikkje går an å hake av
timen, er det enten fullt, for tidlegt eller for seint til å melde
seg på. Ledige plassar er ope for "drop in", ta kontakt med
instruktøren før timen startar.
FÅ PÅMELDE?
Dersom det kun er 5 eller færre påmelde på ein gruppetime, kan den bli avlyst. Dei påmelde får då beskjed pr. telefon/SMS seinast ein halv time før treningstimen startar.
Du kan klikke her dersom du vil opne påmeldingstimeplanen i
eige vindauge i nettlesaren din.

