Gruppetimar

Body Balance

Body Balance er hovudsakleg inspirert av Yoga, men har også innslag av Tai Chi og Pilates. Timen er ideell for deg som ynskjer ein noko rolegare time utan hopp, men som likevel trenar dei store muskelgruppene, stabilitet, balanse og beveglegheit. Er du heilt ny, må du gje timen nokre gonger for å komme inn i bevegelsane, men så snart du er kjend med dei, vil du fullt ut nyte treninga med nydeleg musikk.


R.O.P.E.S

R.O.P.E.S er eit enkelt, funksjonelt og morsomt treningskonsept for parvis trening. Med R.O.P.E.S får ein ei komplett treningsøkt med fokus på både uthald, hurtigheit, spenst og styrke - der heile kroppen blir involvert! Dette er trening som passar for alle, då du gjennom timen justerer vanskegraden sjølv, og kan tilpasse den til din eigen form eller målesejing.


StyrkeSirkel

Dette er ei effektiv økt med gode og varierte styrkeøvelsar for heile kroppen. Ein går gjennom 8-10 øvelsar i "sirkel", der ein gjer relativt mykje arbeid på kort tid. Enkelt og effektivt!


Basisball RAW

I Basisball Raw er fokuset på uthaldande og eksplosiv styrke der ein får trent hele kroppen gjennom varierte og tøffe øvelsar. Ein styrer sjølv tempoet og vanskegraden slik at ein kan ta få og tunge repetisjonar, eller fleire eksplosive repetisjonar, alt etter kva ein ønskjer å oppnå med treninga. Alle kan såleis få ei solid og komplett treningsøkt uansett føresetnad og målsetjing.

Eit motiverende og fagleg solid øvelsesprogram saman med fengande og inspirerande musikk gjer Basisball til ei treningsform mange vil ha glede og nytte av.


Styrke/Intervall

Enkel styrke- og pulstrening med strikk, lette vekter og catslide-matter. Du får fleire alternativ til kvar øvelse. Økta passar både nybegynnarar, og dei som vil pushe litt ekstra.


Bedriftstime


Sykkel

På sykkel bestemmer du sjølv belastning og intensitet, så det blir så hardt eller lett som du sjølv ønskjer. Kor lenge du syklar, vel du alt etter time. "Sykkel 30" vil seie 30 minuttar, "sykkel 45" vil seie 45 minuttar osv. Innstilling av sykkel og teknikk blir gått grundig igjennom. Alle sykkeltimar har motiverande musikk og instruksjon! Fin å kombinere med andre timar!

Styrke

Effektiv og enkel styrketrening med eiga kroppsvekt, manualar, strikkar eller slynger. Fokus er på dei store muskelgruppene i under- og overkropp, samt mage og rygg. Fin å kombinere med andre timar!

PT Ung 13-16 / Ungdomstime

Dette er allsidig trening for alle ungdomar i Luster mellom 13 og 16 år - både gutar og jenter. Ein vil her få tett oppfølgjing av personleg trenar Rune Stenehjem med fokus på rett teknikk, både for å unngå skadar og for å få ei god innføring i ulike øvelsar for heile kroppen.

Seniorsirkel

Oppvarming sjølv, deretter stasjonstrening med fokus på styrke, balanse og puls. Avsluttar med koordinasjon og enkle steg til musikk. Tilpassa alle, og her er det alltid godt humør!

Step Puls


Puls / HIT

Høgintensiv trening for dei som vil ha ei real utfordring. Her er fokus på styrke og uthald, og ein jobbar i intervallar. Her er det enkelt, effektivt og høg intensitet på golv. Kan vere med løp og hopp, men ein kan velje utan. Her får ein høg puls og mykje sveitte!

LHL Dans



AktivA Sykkel

AktivA Sykkel er ein 30 minuttar roleg og tilpassa sykkeltime. Dette kan vere ei eiga økt eller oppvarming til AktivA Styrke. Dette er også ein fin time for dei som ikkje er van med sykkel eller ønskjer ein roleg time med tilpassa musikk.
Du kan lese meir her: http://aktivmedartrose.no/for-pasienter

Basis Total

Rolegare tempo, lette stegkombinasjonar. Her er litt av alt: uthald, styrke, balanse, koordinasjon, beveglegheit og avspenning. Kan av og til vere lagt opp som sirkeltrening, og passar for alle.


Aktiv artrose er for deg med slitasje i hofte, kne og ankel. Lagt opp som sirkeltrening og leia av fysioterapeut. Ta kontakt før oppstart, og ha gjerne henvisning frå lege. Øvingane kan gjerast tyngre og lettare, slik at den passar uansett plager. Tett oppfølging.




Dersom du har spørsmål eller kommentarar, ta gjerne kontakt ved sende oss ein e-post eller ring oss på tlf. 47909578.