Fysioterapeut på Luster Trening

JORI S. SKORVE

Jori er dagleg leiar og fysioterapeut. Ho har idrettsutdanning og pedagogikk frå Høgskulen i Sogn og Fjordane, og fysioterapiutdanninga frå Høgskulen i Bergen. Ho har tidlegare jobba på Sørlandet Sjukehus avd. for Fysikalsk medisin og Rehabilitering, i mange år med driftstilskot på Klinikken i Mandal og har erfaring frå heilprivat praksis og Bedriftshelse1 i Sogndal.
Jori har ei rekkje kurs innan idrettsmedisin og treningsterapi, kvinnehelse, bekkenrelaterte plager, behandling med nåler og førebyggjande fysioterapi.

På Luster Trening er ho ansvarleg for behandlingsavtalar med bedrifter. Ta kontakt om di bedrift ynskjer behandlingsavtale! Ho leier også ulike gruppetreningar og er lisensiert sal- og sykkelinstruktør, samt Body Balance instruktør. Ho tek i mot alle pasientar med muskel- og skjelett problematikk, og vektlegg ei aktiv tilnærming i oppfølgjinga.
Tlf: 92254577


TURNUS

Luster Kommune tek imot turnuskandidatar kvart år, som er i kommunen 6 månader om gongen. To gonger i veka er turnuskandidat her på Luster Trening, og tek imot kundar, leiar gruppetreningar og er ein del av senteret!