Timeplan & Booking

PÅMELDING OG AVMELDING

Du er no få klikk unna ei god treningsøkt. Hak av ein eller fleire timar og klikk øverst på "Reserver".

Fyll inn navn, mobiltelefonnummer og/eller e-postadresse. Ved endringar eller avlysningar blir du kontakta på telefon/SMS. Ved påmelding får du tilsendt ein e-post med eit reservasjonsnummer. Dette brukar du dersom du ynskjer å melde deg av timen.

Avmelding kan du gjere ved å klikke HER. Meld deg av så snart som mogleg dersom du ikkje kan møte, så kan andre få din plass. Bruk reservasjonsnummeret som du fekk ved påmeldinga.

 

NÅR KAN EG MELDE MEG PÅ?

Påmelding til gruppetimar og eigentrening i studio opnar 5 dagar før, kl 09.00. Vil du til dømes melde deg på ein time tysdag, så opnar påmelding til dei timane torsdag kl 09.00. Påmeldinga til kvar enkelt time stenger 30 minutt før start. Dersom det ikkje går an å hake av timen, er det enten fullt, for tidleg eller for seint til å melde seg på. Ledige plassar er opne for "drop in", ta då kontakt med instruktøren før timen startar.

Drop In: personar utan medlemskap kan melde seg på gruppetimar og eigentrening tidlegast 24 timar før timen startar. Dette fordi me har avgrensa kapasitet grunna COViD-19, og ynskjer å prioritere våre faste kundar. 

FÅ PÅMELDE?

Dersom det er 5 eller færre påmelde på ein gruppetime, kan den bli avlyst. Dei påmelde får då beskjed på telefon/SMS seinast 45 minuttar før treningstimen startar.

Du kan klikke her dersom du vil opne påmeldingstimeplanen i eige vindauge i nettlesaren din.

Dersom du har spørsmål eller kommentarar, ta gjerne kontakt ved sende oss ein e-post eller ring oss på tlf. 47909578.

VENTELISTE

Fekk du ikkje plass på timen du ynskte å gå på? Send SMS på tlf. 479 09 578 om du ynskjer å stå på venteliste til den aktuelle timen. Me kan ikkje garantere at me får ordna plass til deg, så me anbefalar at du sjølv ôg held augene opne etter ein ledig plass.