Personvern

Samtykkeskjema

Den nye personvernlova tredde i kraft sommaren 2018. For at me skal kunne følgje opp deg som medlem og ditt medlemsskap, treng me eit aktivt samtykke for at me skal kunne oppbevare og lagre personopplysningar og kommunisere med deg via SMS, telefon og e-post.

Me set stor pris på om du kan sende inn oppdaterte personopplysningar til oss. Følg linken under for å signere.

https://docs.google.com/forms/d/e/1FAIpQLSecCGO9-rWeylsXnCi-xd5fhFr78WdFoZNacUStTPIMnUCixw/viewform?usp=sf_link

1.0 Behandling av personopplysningar

1.1 Kva er ei personvernopplysning?

Ei personvernopplysing er ei kvar opplysning som kan identifisere ein enkeltperson, direkte eller indirekte. Det inkluderar namn, postadresse, e-postadresse, telefonnummer og anna. Luster Trening skal handtere alle personopplysningar lovleg, sakleg og trygt.

Formålet med dette samtykkeskjemaet er å sørgje for at du som medlem veit korleis Luster Trening handterar og beskyttar ditt personvern. Du er vår viktigaste ressurs og me vil at du skal vere tilfreds med den måten me behandlar personopplysningar på.

Luster Trening skal behandle alle opplysingar på den måten som er beskriven i samtykkeskjemaet, i henhald til fullmakta du gir oss og innanfor lovgivinga. Du skal til ei kvar tid ha oversikt over dei opplysningane me har om deg og ha anledning til å reservere deg i henhald til gjeldande lovgiving. Samtykkeskjemaet omfattar både innsamlinga av personopplysingar og den seinare bruken av desse.

1.2 Opplysningar som blir behandla

Luster Trening er behandlingsansvarleg for dei personopplysningane du gir oss tillating til å samle inn, lagre og bruke. Luster Trening behandlar følgjande opplysningar for å oppfylle formålet med behandling av personopplysningar:

Namn, kontaktinformasjon som telefonnummer og e-postadresse, adresse og postnummer/-stad, kjønn, fødselsdato, medlemskortnummer og start og stopp for medlemskap, avtalegiroinformasjon og signering, persondata på verge (for medlem under 18 år), booking av gruppetrening, betalingshistorikk og oppmøte på treingssenter. Personopplysningar kan også vere notat eller løpande tekst som ikkje er strukturerte eller søkbare i dataregister.

2.0 Kva brukar me personopplysingane til?

Du som medlem skal vite at me behandlar dine opplysingar utelukkande til dei formål som framgår av medlemsvilkår og samtykkeerklæringa som du godkjenner når du gir frå deg personopplysingar til oss. Dermed kan du alltid føle deg trygg når du oppgir opplysningane til oss.

2.1.1 Luster Trening sender informasjon til medlem via den private postadressa eller e-postadressa medlem har oppgitt til Luster Trening. Medlem er sjølv ansvarleg for å informere Luster Trening om endring av kontaktopplysningar (endring av namn, adresse, e-postadresse, telefonnummer og liknande).

2.1.2 Meldingar frå medlem som gjeld endring i Medlemsavtalen, bør gjerast skriftleg til Luster Trening via brev, e-post eller ved oppmøte. Kontaktinformasjon til Luster Treningssenter er tilgjengeleg på nettsida (www.lustertrening.no).

2.1.3 Medlem samtykker til at Luster Trening lagrar treningshistorikk med formål å kunne følgje opp medlem sin aktivitet og leggje til rette for treningsopplegg for medlem. Treningshistorikk vil her seie informasjon om antall besøk, kva treningsøkter medlem har delteke på, om medlem har tinga plass på gruppetreningstimar eller anna aktivitet. Medlem kan videre samtykke til at Luster Treningssenter lagrar treningshistorikk for en lengre periode i samband med visse tenester og tilbod.

2.2 Kven har tilgong til personopplysningane i Luster Trening?

For å sikre oss at personopplysningane me samlar inn blir behandla på ein betryggande måte, er det berre kvalifiserte ansatte som har tilgong til dine personopplysningar.

2.3 Personopplysning og underleverandør

Medlem samtykkar til at Luster Trening registrerar, lagrar og brukar opplysningar om medlem (namn, adresse, e-post, betalingsopplysningar og liknande) og medlem sin bruk av Luster Trening, for å administrere og ivareta medlemskapet, og informere om tenester frå Luster Trening. Luster Trening nyttar underleverandør for kunderegistrering/medlemssystem som er databehandlar. Luster Trening er ansvarleg for databehandling levert av underleverandør og databehandlar skal etter avtale med oss behandle personopplysningane dine forsvarleg, og sikre at dei ikkje kan ovedra persondata til andre.

2.4 Overføring av personopplysningar til tredjepart

Medlem er beskytta av personopplysningslova, som gjere at opplysningar du gir oss, ikkje vil bli delt eller spreidd til tredjepartar. Opplysningane blir behandla konfidensielt og brukast kun slik det går fram her, og som du godkjenner når du legg inn opplysningane dine som medlem hjå oss.

Utlevering med heimel i lov, eller er ledd i betalingsinnkreving, forsikringskrav og rekneskapsbehandling krev ikkje samtykke og er ikkje del av denne erklæringa.

3.0 Rett til innsyn, endring og sletting

3.1. Medlem har rett til innsyn i kva opplysningar som er registrerte. Er opplysningane feil, ufullstendige eller irrelevante, kan du krevje at dette blir retta eller sletta. Luster Trening skal bekrefte mottak av melding om sletting. Du kan når som helst trekke tilbake ditt samtykke til at me nyttar dine opplysningar til marknadsføringsføremål.

3.2. Ved inngåing av medlemsavtalen samtykke medlem til at Luster Trening kan nytte kommunikasjonsform til å nå medlem, også elektronisk kommunikasjon (SMS, MMS, e-post m. fl.), for å informere om og/eller marknadsføre sine tilbod, iht. marknadsføringslova § 15. Medlem kan når som helst trekke sitt samtykke til å motta marknadsføringsinformasjon ved å kontakte Luster Trening. Medlem kan ikkje reservere seg mot utsendingar som gjeld endring på medlemskapsvilkår eller endring av medlemskapsavtalen.

3.3 Samtykket frå medlem, angåande punkta over, gjeld så lenge medlemsavtalen er gjeldande og melding av sletting ikkje er motteke.

Kontakt for spørsmål

Har du spørsmål om samtykkeskjemaet eller dine rettigheitar? Ta kontakt med oss i Luster Trening!