Om Luster Treningssenter AS

Luster Treningssenter opna januar 2004 som eit ideelt aksjeselskap der vedtektene slår fast at overskot skal gå attende til vidare utvikling av treningssenteret. Visjonen til Luster Trening er “Trening for alle”, uansett alder og fysisk utgangspunkt. Luster Trening er eit bemanna treningssenter der du møter tilsette med fagleg kompetanse.

Bak Luster Treningssenter AS står desse eigarane

  • Nasjonalforeningen Gaupne Helselag

  • Luster Revmatikerforening

  • LHL Luster

  • IL Bjørn

  • Luster Kommune

Selskapet har som formål å drive aktivitetar som kan betre helsa for innbyggjarane, gjennom dei tre satsingsområda: førebygging, rehabilitering og vedlikehald av eiga helse og fysisk form.