Tilsette

 
  • Dagleg leiar/Fysioterapeut

    Jori har vore dagleg leiar sidan 2014. I tillegg er ho fysioterapeut og instruktør. Jori har idrett- og pedagogikkutdanning frå Høgskulen i Sogn og Fjordane, og fysioterapiutdanning frå Høgskulen i Bergen. Ho har jobba som treningsinstruktør på ulike treningssenter sidan 1997, og er lisensiert instruktør for ulike gruppekonsept.

    Du møter Jori på BodyBalance, LHL,  sykkel og styrke.

 
  • Avdelingsleiar Trening

    Marita er utdanna Helse- og treningsfysiolog og Personleg Trenar frå Høgskulen i Sogn og Fjordane (no Høgskulen på Vestlandet). Marita byrja som instruktør på Luster Trening i 2017, og har hatt fast stilling sidan hausten 2018.

    Du møter Marita på X-fit, Sykkel, Styrke, Sterk Mamma, Sirkeltrening, Seniorsirkel og Aerobic.

 
  • Resepsjon- og kundeansvarleg

    Anna Marita er utdanna Helse- og treningsfysiolog frå Høgskulen på Vestlandet, og har eit årsstudium i pedagogikk. Anna Marita byrja som instruktør og resepsjonsmedarbeidar på Luster Trening i 2020, og gjekk inn i fast stilling i august 2024.

    Du møter Anna Marita på Sykkel, Styrke, Sirkeltrening, Aerobic, Seniorsirkel, Sterk Mamma, X-fit og Step.

 
 
  • Gruppetreningsinstruktør

    Anette jobbar som advokat ved Vestland Fylkeskommune, og bur i Gaupne med mann, katt og to fine jenter. Ho har eit stort engasjement for lokalsamfunnet i Luster som ho lev ut som kommunestyrerepresentant, og som styremedlem innan bank og beredskap.

    Anette har jobba hos oss sidan 2011. Før ho starta hos oss har ho jobba ved SATS i Bergen og Spenst i Førde, og har heile vegen drive mest med ulike former for «hopp-og-sprett».

    Du møter Anette på Salmix!

 
  • Gruppetreningsinstruktør

    Linda jobbar som Helsefagarbeidar på Luster Omsorgssenter, og er sensor for Helsefaget ved Vestland Fylkeskommune. På fritida er ho engasjert leiar og fyrstehjelpsinstruktør i Luster Røde Kors, og brenn for å formidle viktigheita av fyrstehjelp og sikkerheit.

    Linda har tidlegare vore Vanngyminstruktør ved Lustrabadet KF, og byrja som instruktør på Luster Trening i 2019. På Linda sine timar er det alltid masse energi og fengande musikk!

    Du møter Linda på Sykkel og Styrke!