Personleg trenar

 
  • Marita er ein av våre dyktige, hardtarbeidande, positive og ansvarsfulle Personlege Trenar!

    Ho er utdanna Helse- og treningsfysiolog frå Høgskulen i Sogn og Fjordane (no Høgskulen på Vestlandet), og er sertifisert Personleg Trenar og gruppetreningsinstruktør.

     Ho har ein allsidig trening- og instruktørbakgrunn, og har også jobba som Helserådgjevar ved Frisklivssentralen Sogn. Dette gir ho ei brei erfaring i forhald til å tilpasse trening til den enkelte ut i frå helsetilstand, personlege mål, alder og nivå og kan vera ein støttespelar om ein treng livsstilsendring.

    Ho er oppteken av fysisk aktivitet og trening som ledd i både førebygging av skadar og livsstilssjuksommar, som rehabiltering og opptrening, og som prestasjonsfremjing.  

     Marita kan planlegge og gjennomføre trening med deg individuelt eller i gruppe. Ho er flink til å motivere og gjere treninga lystbetont, og samtidig få pusha deg til å yte det vesle ekstra.  Kvar økt med Marita gir ei oppleving av mestring og læring!

     Ta kontakt om du ynskjer ein uforpliktande samtale eller ynskjer vite meir! Marita vil vera klar for å hjelpe deg med å nå dine mål på ein effektiv, god og trygg måte uansett alder eller kva form du er i! 

 
  • Utdanna helse- og treningsfysiolog frå Høgskulen på Vestlandet. Ho har vore fotballtrenar for born og ungdom, samt kroppsøvingslærar i den vidaregåande skulen.

    Anna Marita kan hjelpa deg med å bli sterkare og førebyggje skadar og plager, samt opptrening etter skade og sjukdom.

 
 
 
 

Prisar

Prisane som er oppgitt gjeld kun for medlemmar, for andre kjem treningsavgift på 100,- i tillegg.

  • Enkelttime - 50 min: 700,-

  • 3 timar - 3 x 50 min: 1840,-

  • 10 timar - 10 x 50 min: 5775,-

PT Singel

  • Enkelttime - 50 min: 1100,-

  • 3 timar - 3 x 50 min: 2900,-

  • 10 timar - 10 x 50 min: 8800,-

    *Pris gjeld for 2 personar

PT Duo

  • Enkelttime - 50 min: 1200 ,-

  • 3 timar - 3 x 50 min: 3150 ,-

  • 10 timar - 10 x 50 min: 9600 ,-

    *Pris gjeld for 3 - 4 personar

PT Gruppe