ORDNINGAR OG PRISAR

Frå 01.01.2019 blir fysioterapeutane på Friskhuset sjølvstendig næringsdrivande, og desse blir samarbeidspartnerar til Luster Trening og vil nytte Luster Trening sine treningsfasilitetar. Fysioterapeutar på Friskhuset er Jori S. Skorve, Tor Jervan Staarvik og Bjørn Kalstad. I tillegg vil kommunen sin turnusfysioterapeut vera lokalisert til Friskhuset 3 dagar i veka.

 

Bedriftsavtale på behandling

Luster Trening har ordningar med bedrifter som sikrar rask tilgang og prioritet, hovudsakleg for dei som er i fare for sjukmelding eller som skal fort tilbake til jobb. Ta kontakt om dette er interessant for di bedrift. Fysioterapeut ved Luster Treningssenter er Jori S. Skorve.

 

Privat Helseforsikring / Forsikringsavtalar

Mange har privat helseforsikring gjennom arbeidsgjevar eller personleg. Dette sikrar rask behandling om du får skade eller plager du treng hjelp til. Forsikringsselskapa har ulike avtalar med sine klientar, og avhengig av avtale avgjer det behandlingsantall og evt. om du sjølv må betale noko i eigenandel ved behandling.

 

Du er garantert time innan 48 timar, dersom tilstanden krev umiddelbare tiltak/ behandling. Før første konsultasjon må du registrere saka hjå forsikringsselskapet ditt og ha fått ei stadfesting på at dei dekker behandlinga.

 

Behandling

Fysioterapeutane på Friskhuset har driftsavtale med kommunen, noko som gjer at ein følgjer det offentlege takstsystemet. Pasientane betaler ein eigenandel for behandling, og resten blir dekka av Helfo. Fysioterapiegenandelen går inn under Egenandelstak 2.

 

«Direkte tilgang» gjer at pasienten ikkje lenger treng henvisning frå lege eller andre for å oppsøke fysioterapeut, men kjem likevel inn under ordningane med Helfo. Om ein har fått henvisning frå lege eller andre, ynskjer me likevel pasienten tek denne med til behandlar.

 

Me tek i mot alle pasientar og problemstillingar. Me har god dialog med legar og andre behandlarar, og samarbeider med desse om me ikkje kan hjelpe deg. I periodar med stor pågang, kan det vera noko ventetid, og me følgjer då kommunen si prioriteringsliste. Me prøver halde ventetida så kort som råd.

 

Då me jobbar på treningssenteret, har me ei aktiv tilnærming i behandlinga både individuelt og i grupper.