PT - Marita Kveane 

Marita Kveane

Marita er vår dyktige, hardtarbeidande, positive og ansvarsfulle Personlege Trenar!

Ho har ein bachelorgrad i idrett, fysisk aktivitet og helse frå Høgskulden i Sogn og Fjordane/ no Vestland, og er sertifisert Personleg Trenar og gruppetreningsinstruktør.

 

Ho har ein allsidig trening- og instruktørbakgrunn, og har også jobba som Helserådgjevar ved Frisklivssentralen Sogn. Dette gir ho ei brei erfaring i forhald til å tilpasse trening til den enkelte ut i frå helsetilstand, personlege mål, alder og nivå og kan vera ein støttespelar om ein treng livsstilsendring.

Ho er oppteken av fysisk aktivitet og trening som ledd i både førebygging av skadar og livsstilssjuksommar, som rehabiltering og opptrening, og som prestasjonsfremjing.  

 

Marita kan planlegge og gjennomføre trening med deg individuelt eller i gruppe. Ho er flink til å motivere og gjere treninga lystbetont, og samtidig få pusha deg til å yte det vesle ekstra.  Kvar økt med Marita gir ein oppleveles av mestring og læring!

 

I tillegg til å ha PT-timar har Marita også PT- timar i gruppe, Styrketimar, Basisball og sal- og sykkeltimar. 

 

Ta kontakt om du ynskjer ein uforpliktande samtale eller ynskjer vite meir! Marita vil vera klar for å hjelpe deg med å nå dine mål på ein effektiv, god og trygg måte uansett alder eller kva form du er i! 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Bruk kontaktskjemaet under "Personleg Trening" i menyen