Gruppetimar

Body Balance

Body Balance er hovudsakleg inspirert av Yoga, men har også innslag av Tai Chi og Pilates. Timen er ideell for deg som ynskjer ein noko rolegare time utan hopp, men som likevel trenar dei store muskelgruppene, stabilitet, balanse og beveglegheit. Er du heilt ny, må du gje timen nokre gonger for å komme inn i bevegelsane, men så snart du er kjend med dei, vil du fullt ut nyte treninga med nydeleg musikk.

 

 

Sykkel

På sykkel bestemmer du sjølv belastning og intensitet, så det blir så hardt eller lett som du sjølv ynskjer. Timane er intervallprega, og kvar intruktør vil ha ulike typar opsett, så her kan alle finne ein time som passar for seg! Kor lenge du syklar, vel du alt etter time. "Sykkel 30" vil seie 30 minuttar, "sykkel 45" vil seie 45 minuttar osv. Innstilling av sykkel og teknikk blir gått grundig igjennom. Alle sykkeltimar har motiverande musikk og instruksjon! Fin å kombinere med andre timar!

 

 

Senior lett/middels

Oppvarming sjølv, deretter stasjonstrening med fokus på styrke, balanse og puls. Avsluttar med koordinasjon og enkle steg til musikk. Tilpassa alle, og her er det alltid godt humør!

 

 

X-fit

Effektiv styrketrening der du får trena heile kroppen, samstundes som du får opp pulsen. Me varierar mellom å bruke kroppsvekt, manualar og stang. Timen er ulik frå veke til veke, så her får du stadig nye utfordringar. Fokus på både teknikk i styrkeøvingar, og å trena for å ha det kjekt. 

 

 

PT Ung 13-16 

Dette er allsidig trening for alle ungdomar i Luster mellom 13 og 16 år - både gutar og jenter. Ein vil her få tett oppfølging av våre tilsette med idrettsutdanning, og me har fokus på rett teknikk, både for å unngå skadar og for å få ei god innføring i ulike øvingar for heile kroppen. Gjennom gruppetimane vil ein få moglegheit til å teste alle konsepta me tilbyr ved vårt setner. Ved eigentrening får ungdomane trene i studio, med oppfølging frå oss.

 

 

Basisball CenterCore Express

Eit motiverende og fagleg solid øvelsesprogram saman med fengande og inspirerande musikk gjer Basisball til ei treningsform mange vil ha glede og nytte av.

Varigheit: 30 minutt

 

 

Basisball RAW

Eit motiverande og fagleg soliv øvelsesprogram saman med fengande og inspirerande musikk gjer Basis ball til ei treningsform mange vil ha glede og nytte av.

Her jobbar me med ball i ønska vekt, og med ulike kombinasjonar og nye variantar og mange kjende styrkeøvingar. 

Varigheit: 45 minutt

 

Puls

 

 

Step/styrke

I denne timen kombinerer ein bruk av trinn til musikk, og tradisjonelle styrkeøvingar. 

 

 

Step

Time der me jobbar med trinn til fengande musikk, både på golv og på stepkasse. Trinna kan graderast etter nivå, og timen passar like godt for nybegynnarar som for erfarne. Me jobbar med ulike trinnkombinasjonar, som me etter kvart set saman til ein heil koreografi.

 

 

Dersom du har spørsmål eller kommentarar, ta gjerne kontakt oss ved sende oss ein e-post eller ring oss på tlf. 47909578.